nota bene…

”JUL” ELLER KRISTMESSE

For mange år sidan vart det eit svært rabalder i media frå landsende til landsende og sjølvsagt særleg i kyrkje-Noreg – fordi underteikna i eit juleintervju kom til å seie at ein kanskje burde droppe gudstenesta juleaftan ettermiddag. Ein halvtimes jul-light var kanskje ok så lenge juledagsgudstenesta var intakt og jula endå vart feira i jula. Men i ein situasjon der ”jula” tek til i oktober og vert avslutta når ho eigentleg tek til og med temmeleg tome kyrkjer på juledag, er blitt ei fårleg og dårleg erstatting for den kristne julehøgtida.

I dag skriv ein prest i Gudbrandsdalen i Vårt Land og seier nesten det same. Advent er borte, jula kjem på forskot – og i ei nokså fortynna utgåve.

Den kyrkjelege julefeiringa har si førebuingstid i Advent; ei førebuing som faktisk mest fokuserer på Kristi atterkome ved historia si slutt. Då skjerpar ein seg.

Så kjem julekvelden, ein vanleg kvardag fyrst, og så vert helga ringd inn; der ein kan ha det, er det vesper og så kjem ei av dei tre juledagsmessene (hugs at den liturgiske dagen tek til kl 1800 om kvelden); missa in nocte (nattmessa) med fyrste del av det tradisjonelle ”juleevangeliet” frå Luk 2. I denne messa er vi samtidige med det som hender den heilage natta: Himlane opnar seg over ein stall, der er Barnet født og sveipt. Kongen over kongane og Herren over herrane – i ei krubbe.

Så, i otta, kjem den andre messa, missa in aurora (messa i morgoroden); då kjem vi saman med hyrdingane ”like til Betlehem” for å ”sjå dette som er hendt”. Og vi tilbed saman med dei. Venite, adoremus..! (kom, lat oss tilbe!)

Seinare fylgjer høgmessa, missa in die (messa om dagen), med den høgtidlege teksten frå Johannesevangeliet om ”Ordet” som ”vart kjøt og feste bu hjå oss” (Joh 1). For ein katolikk er det sjølvsagt at messa er nattverdfeiring – ikkje minst i jula. Betlehem tyder ”brødhuset” og vi mottek den inkarnerte, han som ”vart kjøt” nettopp i hans lekam og blod i eukarsitien.

Den såkalla 2.juledag, 26/12, er ein martyrfest (i raudt, ikkje for julenissen,men for blodvitnet) for kyrkja sin ”protomartyr” (fyrste martyr) , den hl Stefanus (Apgj. 6). Romjula går sin gang med sine liturgiske festar (skal kome tilbake til dei) fram til jula sin ”oktav” (åttande dag) med ei høgtid for Maria, Guds Mor og festen for Jesu namn. Nyttårsfeiringa er sekundær og meir ei borgarleg enn ei kyrkjeleg oppfinning. Julesyklusen går vidare fram til den kanskje mest opphavlege høgtidsdagen for Kristi fødsel: Epifania (Kristi Openberring), den 6. Januar. Til den dagen og tida omkring er det knytt eit knippe med tekstar og feiringsemne: Jesu dåp, dei heilage tre kongane si vitjiing i Betlehem…

Det dreiar seg altså om å få med det grunnleggjande mysteriet i kristendomen og i trua: Inkarnasjonen. At Gud vert menneske i Kristus. Til det trengs noko anna enn ”førjuls-jula” og ein ettermiddag den 24. desember. Kor mange nordmenn tenkjer over/veit at fødselsfesten er den 25.?

Som sagt: så lenge den kyrkjelege feiringa er vedlikehalden, tolest det konsertar og korte, misjonerande gudstenester. Men dersom supplementet kjem i staden for hovudfeiringa, går det til slutt utover det heile. Då har ein –som det heiter – ”saga av den greina ein sit på”.

I wish you a merry Christ-mass!

Ei tilbakemelding til “nota bene…”

  1. Kari seier:

    Mye av det du har sagt for mange år siden er riktig og gjentas av andre i dag.

    Gleder meg til Christ-Mass som aldri kan forsvinne fordi Hovedpersonen er evig

Legg att eit svar