nota bene…

HOMO ORANS II *

Å be er naturleg. Menneskeleg. Både globalt og historisk er bøna noko som fylgjer kulturane, både individuelt og kollektivt, både som noko spontant og som noko rituelt.

I moderniteten og i protestantismen er kravet om autensitet skjerpa slik at alt skal vere ”originalt”, spontant og ”personleg”. Spor som er innøvde i personen gjennom tradisjon og felles praksis, blir rekna for mindreverdige. Dette gjeld ikkje berre bøn, men òg kunst og kulturutrykk. Handverk, overlevering, mønster og etterlikning er ikkje bra – nok.

For ikkje lenge sidan var eg i eit bryllaup der det var ein kjend felespelaer med og spela til dansen. Ein av Noregs beste på hardingfele, ein ung mann frå Valdres. For det meste sat han borte i ein krok i lokalet med fela si – som fekk folk til å danse, men som òg fekk nokre av oss til å setje oss ned å lytte når ringdansen var over. Då berre heldt han fram med spelet sitt, som ein straum av tonar, stille flytande fram frå instrumentet. Ein gong han kvilde bogen, sa han at folkemusikken er basert på tradisjon; ein lærer ”låtane” av ein meister. Samstundes vil ein god musikar eller kvedar alltid gje musikken ein personleg svip.

Bøna – og religiøs praksis i det heile – er noko ein må gå inn i som ei overlevering; korleis menneske før har øvd seg opp i konsentrasjon, kroppsleg og sjeleleg, for å kunne nå langt nok inn i den menneskeleg eksistensen og få sagt det til Gud, med- eller utan ord. Den store felleskapen i liturgien, i dei bibelske salmane og i kyrkja sitt symbolspråk – alt forløyser noko inni meg, som er mitt, utan å vere berre mitt.

Menneske i dag har mykje inni seg – store sorger, men stundom også store gleder – som ikkje kjem skikkelg ut, fordi ”nokon” har stoppa overleveringa, halde borte kunnskap, røynsler og dugleikar som kunne hjelpe oss å vedlikhalde denne sida av menneskelivet. Då vart livet vårt mindre.

Kvifor skrive om bøn i ein blogg? Fordi bøn set spor i heile kulturen. Vi kjem etterkvart til å oppdage at religion ikkje dreiar seg om abstrakte prinsipp, om ”livssyn”, men om ”måtar å gjere det på”.

*) Homo orans; latin: det bedande mennesket

5 kommentarar til “nota bene…”

  1. Ingeborg seier:

    Salve,
    bloggen din har gitt meg mye i adventstiden, og jeg forventer mer. Du har funnet en måte å nå oss på, og som vi kan vende tilbake til flere ganger iløpet av dagen. Personlig gir bønnen Anima Christi meg “alt”.
    in JMJ

  2. arnfinnharam seier:

    Takk! Ja, Anima Christi er ei sterk bøn – vi vert omslutta av Gud, i Kristus. Ei bøn som alle menneske kan “gøyme seg” i. God adventstid!

  3. wen seier:

    Finst det nokon versjon av denne bøna på nynorsk?

  4. arnfinnharam seier:

    Nei, ikkje så vidt eg veit; då må eg evt omsetje henne sjølv. Men no må eg leggje meg; skal ha messa og preike i morgon, og Laudes aller fyrst. God natt!

  5. wen seier:

    Ja, gjer det du! Du må vel gå til orginalteksten, eller bortimot dit…. Bokmålsteksten er ikkje nok, tenkjer eg. Så kan me trykka bøna i kyrkjebladet.

Legg att eit svar