HOMO ORANS
tyder ”det bedande mennesket”. Det er vi. Ikkje berre ”homo sapiens”, det “filosofiske” mennesket. I vår kultur har bøn og religion lenge vore noko aparte, noko som ikkje får vise, noko vi har vanskeleg for å vedstå oss. Éin har sagt at her til lands krevst det meir mot å falde hendene så andre ser det, enn å gå naken på gata.
Stundom prøver eg å meditere over korleis det er å leve utan å be. Kanskje er det mange fleire som bed, enn vi er klåre over? Likevel er det nok så at svært mange bed sjeldan, sporadisk eller praktisk tala aldri. Det gjer noko med mennesket. Ein kultur der bøna er fortrengt, formar ein ny mennesketype. Det skjer ei ”antropologisk endring”, så å seie. Mennesket er, sett utanfrå, langt på veg ein sosial konstruksjon, eit kulturprodukt.
Likevel: Den som har ei skapartru og som trur at mennesket er ”skapt i Guds bilete”, reknar med at mennesket trass alt er noko ”gjeve”, at det har ein identitet som alltid vil vere der. Eg trur at mennesket er rasjonelt og moralsk, men òg at det ein kunstnar, at det er kreativt, musisk, diktande, forteljande. Og bedande. Alle desse aspekta ved mennesket kan undetrykkjast eller utviklast.
Difor meiner eg at bøn er noko naturleg. Når bøna blir borte, blir livet og kulturen som eit hus utan vindaugo. Tett og mørkt. Eller? Det står om profeten Daniel at han i sitt babylonske eksil tre gonger om dagen opna vindauga i romet sitt, det som vende mot Jerusalem, og bad til Israels Gud. Han var, trass si høge stilling, i eit slags fangenskap – og likevel var han fri. Fordi han ”slapp ut” gjennom bøna sitt vindauga. Han hadde tilgang på eit større rom, han levde i ein dimensjon som ingen kunne ta frå han. Der var han fri som fuglane, ja, som englane. Der henta han sitt verd, sin sjølvrespekt, seg sjølv.
Aggresjon, lidenskapar, fortviling, glede, ekstase – alt dette krev eit språk som er ”større” enn det vi berre kan seie til kvarandre. Det gjer noko med kulturen, med det menneskelege ”miljøet”, der dette ikkje får utløp. Kunsten er bøna sin slektning, men han søkjer noko som berre bøna kan nå heilt inn til og som berre bøna kan ta full høgde for.
Ein dialog mellom tru og ikkje-tru er meir og meir aktuelt. Vi trudde vi var ferdige med det, men det er der, som ei spenning i kulturen og i samfunnet, i møtet mellom menneske. Kva med å nærme seg det som ein dialog mellom menneske som bed og menneske som ikkje (lenger) finn det naturleg? Ikkje som ein diskusjon eller krangel, men som ein freistnad på å forstå kven vi vert når vi bed. Og når vi ikkje gjer det.