officium…

Måndag, vike 1 ( matutin)

Ps 6. ”Ver meg nådig, Herre, for eg er kraftlaus. Læk meg, Herre, eg er djupt forferd. Mi sjel er gripen av redsle. Kor lenge, Herre?” (v 2-4).

Det bedande mennesket si grunnretning, slik vi møter det i Salmane, er de profundis, frå det djupe. Det er ikkje fordi det er innkrumma av skam og falsk skuldkjensle, ikkje fordi det er undertrykt og kua av ein maktsjuk guddom. Nei, det ropar seg nettopp opp og ut av det servile og forknytte. Skrik seg gjennom alle hindringar, kastar seg framlengs – ågruve, overvelda og overgjeven; reiser seg i si fulle lengde og held sitt hjarta i hendene og opp i Guds andlet: Her er eg! Det er eit rop og ei bøn som kjem frå djupet, men som ikkje blir i djupet, som ikkje sig ned i si eiga gjørme.

Også når Guds menneske er kraftlaust, tviheld det på Gud, insisterer det på Gud. All krafta går med til det. Til Gud. Elles, i høve til andre menneske og i høve til seg sjølv, kan det ikkje gjere noko – når redsla kjem over det. Det har sett noko som det ikkje rår med: krafta i vondskapen, den intense viljen til destruksjon som demonen rettar mot det. Som når du høyrer duren av ein overmektig hærstyrke på veg mot deg, langt bortanfrå. Når slagord og maning til kampvilje døyr på tunga. Når du veit at røyndomen snart rullar over deg. Då vert du ikkje berre redd, men gripen av redsle. Det er ikkje du som er redd – det er redsla som er deg.

Redsla som jagar gjennom sjela som eit mørkt stormkast – det er å vere forferd. Djupt forferd. Totalt omfamna av redsla. Flodbylgja som reiser seg mot deg som sjølve ur-kaoset sin knyttneve. Då er ikkje angsten og lidinga samla i eitt einskild punkt. Det flyt ut i heile deg – som om blodet ditt er blitt bytt ut med vatn. Det er då du seier: -Læk meg! Lat ei ny kraft strøyme gjennom det som er eg – denne kroppen, denne sjela. Så eg ikkje døyr av redsla, misser meg sjølv i forferdinga. Då seier du: -Læk meg, Herre, eg er djupt forferd!

4 Responses to “officium…”

  1. Eskil Skjeldal Says:

    Og når melder Han seg? Hvor lenge?

  2. arnfinnharam Says:

    “Kor lenge?”. Det er eit av dei spørsmåla som stadig gjentek seg i Salmane. Kanskje det er sjølve Spørsmålet. Det svaret som vibrerar under spørsmålet, er: - Gud kjem aldri. Han finst ikkje. Eg trur at kvart menneske må gjere det valet: Oppgje Gud eller ikkje. Ein ven kan berre stå der, vere der, aldri gå sin veg. Merkeleg: ofte er det slik at når eg vil gje opp, står det nokon der og seier: - Ikkje gje opp. Når den andre vil gje opp, seier eg: -Ikkje gje opp. Oftast veit eg ikkje kvifor eg kan seie det, men eg kjenner at det er rett. Eg har ikkje noko anna svar enn dette ‘an-svaret’ for ein annan.

  3. Eskil Says:

    Hm. Ditt svar minner om en tenker, moralfilsof, Emmanuel Levinas. Hørt om han?

  4. arnfinnharam Says:

    Ja, særleg takka vere ein svært god ven av meg… :) Men det skjøna eg fyrst etter at eg hadde skrive “svaret”…

Leave a Reply