Mellom privatreligion og teokrati

(Publisert 1. gong hausten 2005 i Kirke og kultur. 3. pris i essaykonkurranse. Også publisert i Ny tid)

Den 11. september 2001 krasja religionen som offentleg fenomen rett inn gjennom kontorvindauga i World Trade Center - der moderniteten så å seie var på jobb og ana fred og ingen fåre. Rett nok spelar religionen ei langt viktigare offentleg rolle i det amerikanske enn i det europeiske samfunnet og ein visste vel også om terrorpotensialet i dei islamistiske miljøa verda rundt. Hendinga framstår likevel som eit slags enormt skrekk-tablå og synleggjer den veksande spenninga mellom offentleg religion og vestleg kultur.

Så langt…

Den vestlege politiske mentaliteten har lenge vore nokså sjølvsikker i si tru på at vi har funne formelen for sameksistens mellom religion og samfunn. I litt ulike utgåver, rett nok. I tette og egalitære kulturar som dei skandinaviske har religionen blitt tilkjend ein offentleg plass, klårast uttrykt gjennom stats- og folkekyrkjesystema i ulike tapningar. Men på vilkår av at ein godtek dei avgrensa områda som samfunnet tildeler dei religiøse institusjonane og fellesskapa. Mottoet er: ”kyrkje og land –hand i hand”, kunne vi kanskje seie. Og den store handa tilhøyrer utan tvil statsmakta. I land der det har vore borgarlege revolusjonar med stort innslag av antiklerikalisme, som i Frankrike og Tyskland, er formelen ein annan. Særleg den franske modellen er radikal i sitt skarpe skilje mellom stat og kyrkje og ei innstendig fasthalding av staten som ”laïque”, som sekulær og nøytral. Borgarane sin offentlege identitet er reint sivil; i det offentlege rommet skal dei framstå primært som medlemer av republikken. All anna tilhøyring må haldast på det strikt private nivået. Som borgar er du franskmann, som individ kan du vere katolikk – eller muslim, eller kva det skal vere.

Den nordamerikanske republikken (USA) har ei anna historie og eit anna grep på sakene.Sjølve statsmakta skal vere nøytral og religionsfri, men kyrkjene og dei religiøse organisasjonane har ein høg status og har så stor oppslutting at dei utgjer ei tydeleg og halvoffisiell sone i samfunnet. Dertil kjem det at det tradisjonelle stats-etoset ”over there” er ein mixtur av fridomsidear frå den europeiske opplysingstida – og eit puritansk, frikyrkjeleg snitt der oppsluttinga om religionen baserer seg på friviljug ansvar og ikkje på ein konfesjonell stats preferansar og føringar. Dei puritanske ideala har tradisjonelt vore så sterke i det amerikanske, nasjonale sjølvmedvitet at ein har godteke og langt på veg gått utfrå at statens funksjonærar kan gå høgt ut med sin eigen religiøse praksis. Dette har sjølvsagt endra og justert seg med eit veksande religiøst mangfald, men den gamle grunntonen heng endå i: det er lov og det er bra at jamvel presidenten og guvernøren sver på Bibelen, faldar hendene og går på bønemøte – i fullt, offentleg dagsljos. At denne tradisjonen ikkje er ukontroversiell og fører til skarpe motsetningar om korleis religionen skal offentleg praktiserast t. d. i skuleverk og rettssystem, er ei anna sak. Den amerikanske nasjonen er ”God’s own people”, men staten ”som sådan” bør halde fingrane frå fatet. Liberale straumdrag av europeisk merke har nok i stigande grad gjort seg gjeldande i det amerikanske samfunnet også, men eg kan ikkje sjå at det har endra sjølve grunnmønsteret.

Ei heilt anna historie er det som hender i vestlege, katolske land med ei anna utvikling enn den franske, som Spania, Irland og Italia. Her har ein ikkje hatt eigentlege statskyrkjer i nyare tid , om enn den katolske kyrkja har vore svært dominerande og paternaliserande (for ikkje å seie: mater-naliserande..) både når det gjeld den offentlege og den private sfæren. Kyrkja er her i ferd med å tape terreng, men få ting tyder på at ho slår av på sin bodskap og sine fordringar for å halde på sine posisjonar. Heller ser det ut for at frontane hardnar mellom ein kyrkjelojal minoritet og ein kyrkjekritisk majoritet. Kyrkja er tvungen til å omdefinere seg i høve til den nasjonale felleskulturen og dei sekulære samfunns-instansane. Også Aust- Europa byr oss eit uvant og uferdig scenario når det gjeld religionen si offentlege rolle. Kyrkjene og religionen sin nye fridom viser seg i alt frå sterk nasjonal-religiøs oppvakning til meir balanserte modellar for samlivet mellom trusfelleskapane og det sekulære storsamfunnet. Både i Sør-Europa og i Aust-Europa er det for tidleg å seie noko sikkert om korleis den framtidige relasjonen mellom samfunn og religion vil verte.

Kva no?

Langt sikrare er det at den dominerande vestelege moderniteten sitt meir eller mindre skarpe skilje mellom religionen og det offentlege rommet er inne i ei krise- og omformingstid. Ikkje minst i møte med dei delane av verda der religionen endå spelar ei langt større rolle i samfunnslivet enn hjå oss. For det vestlege mennesket fortonar særleg Islam seg som ein veksande trussel. Den nye religiøse patriotismen uroar oss, framfor alt når han syner seg som indignasjon og aggresjon i sin kritikk av Vestens sekularisme og religøse fråfall. Så mykje meir som desse kulturane strøymer inn over våre landegrenser med aukande demografisk overmakt og krav om offentleg utleving av sine eigne verdiar.

Samstundes gjev dette seg utslag i ei ny interesse for religionen. Dei samfunnselitane som tradisjonelt har vore mest religionskritiske, som akademia og media, kjenner seg både pirra og tvungne til å uttale seg om teologi og religiøse spørsmål. Då blir blemmene store og det har vorte mogeleg å påpeike mangelen på elementær kunnskap om religionen og religiøse kulturar. Her til lands har særleg dei såkalla ”nisjeavisene” våga å skrive om religion – kanskje fordi dei står friare i høve til den trauste konsensus-kulturen som dei store mediainstitusjonane framleis kjenner seg bundne av. Dette nye brotet på eit innarbeidd tabu har sjølvsagt skapt ein del forvirring og opposisjon i den kulturelle eliten og hjå dei tradisjonelle synsarane. Det gamle verdsbiletet, der religionen var på vikande front, er blitt omkasta. Den intellektuelle og politiske jordkloten er ikkje fullt så flat som før. Reaksjonane går delvis ut på at tru og religion er for dumt til å verte tekne alvorleg; ignorering og ironi vert framleis påkalla som den einaste måten å kommentere denslags på. Delvis fell ein for freistinga til å blotte tanngarden, ikkje i smil, men i sinne, når ein kjenner seg altfor truga av den nye og freidige interessa for det åndelege. Eller ein vil gjerne vere tolerant, men veit ikkje heilt kva fot ein skal stå på - når det kanskje innber at ein også må tole religiøse grupper og målsmenn som tek seg sjølve på alvor og ikkje utan vidare vil fylgje dei sekularistiske spelereglane. At dei religiøse grupperingane sjølve vil vere med å definere sin plass i det offentlege biletet, er ein nokså uvant tanke for mange. Særleg forvirrande og usveljeleg er det nok at så mange unge dristar seg til å vere religiøst interesserte. Sanneleg: ”Ville Vesten er ikkje som før”.

Dei mest forherda religionskritikarane grip kanskje til den noko paniske forklaringa at heile ”nyreligiøsiteten” er ein fiksjon, suggerert fram av pågåande og taleføre truande. Kva anna er denne påstanden enn ei ny utgåve av strutsen sitt kjende trick; å stikke hovudet i sanden og vone at verda har endra seg når ein tittar opp igjen? Så syner det seg at Allah er like ”akbhar” som før, at dei nykarismatiske fellesskapa aular av folk jorda rundt og at fleire og fleire sindige statskyrkjemedlemer her heime lurer på om dei skal verte katolikkar. For ikkje å snakke om den meir diskrete, men likevel aukande fascinasjonen av ”New Age”-spiritualiteten, okkultistiske retningar og orientalske religionar. Jamvel ateismens gamle gråbein, Humanetisk Forbund, har fått ein konkurrent opp på sida si: Holistisk Forbund – eit av mange døme på interesse for religion og ritar utan kyrkje og moskear, utan prestar og imamar, koranar og biblar. Gud i fri flyt, om ein kan seie det slik. Når også Klassekampen har fått eigen religions-spaltist, må det vere heilt klårt at verda står ikkje til påske; i alle fall ikkje til 1. mai.

Ein stor del av kulturradikalismens veteranklubb – frå Dagbladet til langt inn i Aftenposten -forblir konservativt trufaste mot den religionspolitiske modusen som har dominert det nye Noreg, frå mellomkrigstida og utetter. I staden for rå motarbeiding av religionen set ein sin lit til at dyret kan temjast og kontrollerast. Og det har ein langt på veg lukkast med. Sjølve stor-trofeet, Stålsett, har fått stasplassen i desse krinsane og syner kor langt ein har kunna gå i å byggje opp ein allianse mellom veltemperert statskyrkje-kristendom og liberale maktsenter.

Stats- og folkekyrkja si rolle

Nettopp ”statskyrkja” er stikkordet her. Ho er så glad i å danse på den offentlege parketten – gamal vane er vond å vende – at ho let seg by opp av nærast kven som helst. Sosialdemokratiet, kulturradikalarane og statskyrkja møtest i ein felles nostalgi etter den store einskapskulturen. Dei byttest om å vere nyttige idiotar for kvarandre, men nyttigast og mest idiotisk er utan tvil statskyrkja. Den konfesjonelle staten i stram, kyrkjeleg regi, er sjølvsagt forlengst ”en saga blott”. Etter som Venstre-staten og seinare Arbeidarparti-staten gradvis omforma samfunnet i sitt bilete, måtte kyrkja finne seg i å ikkje lenger kunne diktere innhaldet i den kulturelle einskapen. Ho må finne seg i å verte pressa frå skanse til skanse – i ekteskapslovgjeving og seksualmoral, i skulevesen og sosialomsorg. For så vidt var den klassiske liberalteologien ein sympatisk freistnad på å bryte ut av den konfesjonelle isolasjonen og kome i dialog med den sekulære kulturen. Men det heile var merkt av ein klår underdog-posisjon, på ikkje-teologiske og verdslege premissar. Det guddomlege og metafysiske i kristendomen vart sett i hermeteikn eller fullstendig fjerna frå diskursen. Teologien vart ein blåkopi av dei allmenne idé-trendane.

Det er særleg Det teologiske fakultetet ved Oslo-universitetet som har ført denne arven vidare, rett nok omstøypt i ei blandingsform av grundtvigianisme og konfesjonell, men akk, så avmagra lutherdom. Resultatet har vorte ein eigenarta og høgt profilert folkekyrkje-ideologi. Ideologi – fordi dei teologiske posisjonane i høg grad tener til å stadfeste og oppretthalde ein konkret kyrkjeleg og politisk røyndom: ”Den opne og inkluderande folkekyrkja” som medforvaltar av den norske felleskulturen. Fakultetet er ei av dei sterkaste støttene for statskyrkjeordninga og fungerer som ein velsmurt ideologi-fabrikk for denne marknaden. Det verste ein veit er ”elite-kyrkja” – vel vitande om at ei meir tydeleg kyrkje vil stå for dogmatiske og etiske markeringar som på viktige område bryt med moderniteten og den politisk korrekte samfunnskonsensen. Og som dessutan trugar universitetsteologien – og universitetsteologane – sin kyrkjelege og materielle eksistens. Merkevara ”folkekyrkje” er vorten så populær at ho også har fått politikarane til å tenne. Nesten alle partia kappast no om å vere positive til kyrkja, så sant ho held fram si lovande utvikling mot å verte stendig meir ”open og inkluderande”. Denne formuleringa har, i ein eller annan versjon, gått rett inn i partiprogramma og er alltid å høyre når partileiarane eller partia sine kyrkjepolitiske målsmenn og –kvinner er på banen. For den interne kyrkjeleg leiarskapen har det vore så lite av godord og medvind frå desse kantane at ein i den nye lukkerusen overgår kvarandre med forsikringar om at kyrkja skal forbli folkekyrkje, open for alt og alle. Få synes å skjøne at det kanskje dreiar seg om velvilje som policy for fordekt kritikk og maktutøving. ”Drep meg, herre Konge, men ikkje med graut”, heiter det i ei god i historie, men i forteljinga om folkekyrkja bed ein berre om å få køyrt i seg meir og meir av den same vellingen.

Det heile har vorte ei suksess-forteljing om korleis tidlegare motstandarar har omfamna kvarandre i ei brei kyrkjepolitisk semje – med sterke nasjonalpolitiske føringar. Under presset frå muskelsterke immigrant-religionar kjempar ein for at den norske felleskulturen framleis skal vere prega av moderat religiøsitet. No kan også kyrkja brukast i den store entreprisen: å syrgje for at nasjonen heng saman verdimessig – utan at ein veit så nøye kva desse verdiane går ut på. Ein ynskjer i alle fall at kulturen skal vere ”kristen” som motvekt mot islamsk fundamentalisme – og at han ikkje må bli ”altfor” kristen – som åtvaring mot fundamentalistisk kristendom. I denne store sekken stappar ein etterkvart alt det ein ikkje likar av tradisjonell, kristen tru og etikk, særleg på familie- og samlivsetikken sine område. Og simsalabim har ein funne den perfekte formelen: Den kravlause folkekyrkja. Halleluja!

Ut av illusjonane

I dette raske risset av eit essay ser vi konturane av to ulike opplegg for å takle religionen som ein offentleg faktor. Den fransk-amerikanske modellen med ein programmatisk sekulær stat; ein stat som dermed meiner seg å vere nøytral. Med bakgrunn i den vestlege kulturen sine religionskonflikter (særleg dei skåkalla religionskrigane i Europa og frikyrkjene sin fridomskamp på anglo-amerikansk mark ) har ein ein hang til å tenkje at religionen er det partikulære, det partiske, det kontroversielle og konfliktgenererande. Får ein berre bukt med religionen si offentlege makt, har ein sikra fridom, fred og nøytralitet. Den andre modellen har fått si form i tettare samfunn, som dei nordiske, med ein gradvis overgang frå religiøst fundert einskap til ein liberal-demokratisk kontrakt for fellesskapen. Her får religionen sleppe ut av det private rommet når han ikkje lenger utfordrar den offisielle makta. Men grunnprinsippet er det same: Religionen er ei privatsak og har primært med individa å gjere. Det som er akseptabelt i den religiøse etikken, kan la seg høyre som ei offentleg røyst, men det eigentleg ”religiøse” høyrer heime i avdelinga for personleg ”smak og behag”.

Både historia sin lærdom og moderne makt- og positivismekritikk burde syne oss at dei hevdvunne modellane er mogne for skraphaugen. Makta kan aldri vere nøytral – og den liberale makta aller minst. Den programmatiske og sjølverklærte nøytraliteten likesåvel som liberaliteten opptrer fort som skalkeskjol for elles lett identifiserbare idear og utopiar. Korleis kan det vere mogeleg at nokon lenger bit på bløffen om at berre staten er sekulær, så er han utan vidare nøytral? Kor mange andre interesser er ikkje ute og herjar på den offentlege valplassen – meir eller mindre favoriserte av den formelle styremakta? Overgangen er ofte glidande mellom demokratiet sine representative aktørar og ideologiske og kommersielle interessentar. Den arrogante og pompøse trua på eigen nøytralitet heng truleg saman med sekulær-statens filosofiske – for ikkje å seie teologiske - avstamming. Sekularismen er eit ektefødd barn av Opplysinga og den nye visjonen av verda som denne epoken ville lansere. Opplysingstida kan kanskje best forståast som antagonisme; som eit medvite alternativ til den tradisjonelle religionen. Her skal ein ny universalitet stablast på beina, basert på rein rasjonalitet. Det dreiar seg i utgangspunktet ikkje om ei kjøleg tilbaktrekkjing frå teologien og religionen, men om ein alternativ teologi, ein mot-teologi. Dei filosofiske brytingane i opplysingstida er også ein del av ein teologisk debatt, ein fase i teologien si historie. Det vert ofte hevda at Marx ville ”forandre” verda – medan opplysingsfilosofane berre ville ”forklåre” henne. Det er for enkelt, trur eg. Opplysingsprosjektet hadde meir magekjensle enn som så. Prosjektet sin motor er viljen til å proklamere eit nytt totalsyn på røyndomen. Opp or oska av den gamle metafysikken skal det stige fram ein rasjonalistisk Fugl Fønix, ein ny Messias.

Det har vore opportunt å oversjå dette ”inderlege” aspektet ved Opplysinga og moderniteten. Religionskritikk vil alltid ha eit sterkt innslag av noko personleg og eksistensielt i seg. Det handlar om noko anna enn abstrakte tankar og synsmåtar. Det som har med Gud å gjere, triggar oss. Han er ikkje lett å leve med. Vår samfunnsform kan på mange måtar karakteriserast som ein freistnad på å rydde ein høveleg parkeringsplass for Gud så han ikkje hindrar den frie ferdsla. Ein skal ikkje oversjå teocidet (gudsdrapet) som kulturfaktor. Bort med han! Mennesket har mykje å hemne i høve til sin skapar.

Kort sagt: Religion er meir enn meiningar. Religionen kan difor heller ikkje forvisast til det borgarlege raritetskabinettet som ein slags emosjonell variant. Trua er - i allefall slik vi kjenner henne frå dei store, historiske religionane - noko omfattande og komplekst; noko som kan avlesast i heile breidda av mennesket sitt liv som kulturelt og politisk vesen. Det er rett og slett ikkje plass til henne i eit lite skåp på bakrommet. Ho vil fram og ut – og det er dette som på nytt har sett støkk i vår del av verda. Vi truddde vi var ferdige med heile greia – og så er det med Gud som med Hitler, slik dei song i ei vise frå krigstida: ”He is dead, but he won’t lie down”.

Pragmatisk sameksistens

Så kvifor ikkje innsjå det: Vi er nøydde til å leve både med trua og med vantrua i all overskodeleg framtid. Vi er nøydde til å leve med kvarandre, for å seie det på ein annan måte. Teoretiske og ideologiske utopiar som ser for seg at den andre parten er utrydda, fører fort til vanvit av det eine eller andre slaget. Det har vore ”comme il faut” å oppspore denne mekanismen i religionane. Mindre påakta har det vore at eit tilsvarande potensiale også finst i sekularismen – og alle ”ismar”. Religionen sine representantar bør oppgje sine totalitære planar. Det fins ingen veg tilbake til teokratiet som samfunnsmodell – fordi det berre kan etablerast som tvangsregime. Det same gjeld for den sekularistiske absoluttismen. Vi må alle fint finne oss i å dele på det offentlege rommet. Ettersom mennesket ikkje let seg redusere til berre å vere individ eller privatperson, må det få lov til å leve seg ut i fullt register. Også religiøst. Vi treng å referere oss til overleverte sett av sedar og skikkar, til institusjonar og tradisjonar. Kven har sagt at nasjonalstaten er den einaste offentlege arenaen, den einaste forma for ”res publica”? Kvifor ikkje erkjenne at det framtidige ”norske” samfunnet vil vere samansett av ulike grupperingar og fellesskapar; etniske, religiøse, ideologiske eller kva det skal vere? Som må lære seg å ta omsyn til kvarandre gjennom dialog og fortløpande forhandlingar? Storsamfunnet vil verte det ein kan kalle eit ”rammesamfunn”. Er det ikkje alt det – i mangelen av eit verkeleg sams verdigrunnlag og meiningsunivers? Økonomi og nihilisme kan ikkje bere eit samfunn i det lange løp. Vil ikkje det eigentlege samfunnslivet verte lokalisert til ulike kulturelle grupper og tradisjonar? I framtida vil vi truleg alle innsjå at vi tilhøyrer større eller mindre ”subkulturar”. Etter mitt syn er det dette som vert det verkeleg ”multikulturelle samfunnet”. Ikkje eit antal underordna ”fargerike fellesskapar”, dominerte og dispiplinerte av ein storkultur.

Det er klårt at nokon til ei kvar tid må ta ansvar for den større heilskapen, men det må ikkje vere opplese og vedteke at førarsetet alltid er reservert for dei sekulære. Dei felles spelereglane må ikkje utgje seg for å vere nøytrale eller universelle. Det held lenge at dei er pragmatiske. At dei fungerer rimeleg rettferdig.

Dette vil sjølvsagt medføre ei viss omskulering av religionane. Utfordringa for Islam vil verte å forstå at heile verda ikkje kan verte arabisk. Som religion må han fyrst og fremst levast ut på djupet og dei kulturelle og sosiale konsekvensane utover den muslimske fellesskapen må tilflyte dei omliggjande kulturane som eit overskot og som ein inspirasjon. Dei historiske kyrkjene på si side må oppgje draumen om einskapskulturen. Då kan dei få tilbake den indre fridomen som trengs for at dei kan bli attraktive for søkjande menneske. Meir som i oldtida, som på mange måtar minner om vår eiga tid: Kyrkja må våge å vere lita, å vere kulturskapande primært ved å vere motkultur, med klåre fordringar til dei som ynskjer å dele hennar liv – moralsk, dogmatisk, sakramentalt og diakonalt. Ein religion for vaksne folk, med andre ord. Tida er ute for paternalistiske haldningar som førutset at alle skal vere ”kristne” på ein eller annan måte – anten dei vil det eller ei. Det er ei ærleg sak å vere heidning. Og å vere truande.

Er dette mogeleg? Mitt motspørsmål er: Har vi noko val?

Leave a Reply