Det reformpedagogiske regimet
(Publisert 1. gang i Dag og tid, september 2005)
Fyrst no nyleg las eg Jon Hustads bok: ”Skolen som forsvann” der han tek eit oppgjer med reformpedagogikken som har herja den norske skulen. Det er ein svir av ei bok; velinformert, modig og vittig. Dei pedagogiske reformatorane - frå Sivertsen til Hernes, med si baktropp av diskrete, men målmedvitne akademiske ekspertar - fullbyrdar Alexander Kiellands drabelege angrep på den tradisjonelle kunnskapsskulen. Som ein freistnad på å hemne ”lille Marius” der han ligg død på skulegolvet under eit altfor tungt ”mensa rotunda”.
Etterkrigstida sine skulereformar er ein interessant symbiose av kulturliberale idear og sosialdemokratisk utjamningsmoral. Prosjektet har vore å skape ein ny mentalitet, eit nytt ”medvit” i folket - og då må dei tidlegare kulturelle tradisjonane haldast på større fråstand. Eit nytt symbolunivers må skapast med Ola-Ola Heia og Ole Alexander Filibombombom som nye heltar og helgnar. I staden for Heilag-Ola, så å seie.
Den nye ”Ola Nordmann” skal bli eit meir sosialt og leikande menneske ved at den kunnskapsformidlande læraren og det eksakte lærestoffet sin plass vert svekka. Oppleving vert viktigare enn lærdom. Det er ikkje ein usympatisk tanke, men spørsmålet er om ein ikkje på denne måten oppnår det motsette av det ein ynskjer. Når estetiske og eksistensielle verdiar vert ”pedagogiserte” og alt for metodiske, kverkar ein dei med eit dødeleg kunstgrep. Mi eiga røynsle er at det er det tydelege og romslege møtet med sjølve lærestoffet som gjev ”tenning”. Den menneskelege kreativiteten vert ikkje til i eit tomrom. Vi er ein del av ei lang overlevering som vi må kjenne godt før vi kan bidra med vår eiga modulering og nyskaping. Utan skikkeleg innlærte kunnskapar og grundig innøvd dugleik vert vi korkje gode sosiale aktørar, intergrerte moralske personar eller estetisk skapande menneske. All leik har sine reglar.
Respekten for kunnskap og dugleik innber også ein større respekt for eleven sin fridom og identitet. Har du lært noko, kan du sjølv forvalte kunnskapen og bruke han på ein reflektert og medviten måte. Dersom det metodiske dominerer, vert du lettare manipulert av storsamfunnet sin sosialpedagogiske dagsorden. Du vert mindre subjekt og meir objekt, stikk i strid med reformpedagogikken sine intensjonar.
Eller er det kanskje det som er intensjonen: Å endre mennesket; ikkje ved den eksplisitte filosofien som ligg i det tradisjonelle lærestoffet, men ved den implisitte filosofien i det metodiske og byråkratiske grepet?
Sjølv seier eg takk og pris for at eg fekk gå på skule før den gode kunnskapen vart overgrodd av pedagog-politikarane sine ugjennomtrengelege hakkebakkeskogar!