Festen for ANDREAS APOSTEL, Sal 19 (matutin)
”Himmelen forkynner Guds herlegdom, kvelven fortel kva hans hender har gjort” (v 2)
Kva har kyrkja tenkt med å velje denne salmen på apostelfestane? Truleg det at heile skaparverket har eit apostolat, er Guds talsmann og utsending! Gud er ein forkynnande Gud; han opnar seg, han talar, han vil noko; ja, han som er Ordet (Logos), er ”Gud av Gud, ljos av ljos” (Nicenum). Gud opnar seg ved å skape. Skaparverket er ein veg til Gud. Alt er skapt ved Ordet, ved Sonen; han er mønsteret, meininga, harmonien, ”logikken” i alt som er. Skaparordet er vevd inn det skapte.
Naturen, universet, altet – det er ikkje ”a black hole”. Det er eit rom å leve i. Det talar til oss og det vil samtale med oss. Om det gode, det sanne, det vakre. Om Gud. Om Kristus. Om oss. Skaparverket er ein ven, ikkje ein ”stum-tenar”.
Salmen seier også at apostlane si forkynning er noko meir enn ”fromme ord” for nokre få. Kristus sender ut apostlane og seier: ”Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for all skapningen!”. Evangeliet er universelt, katolsk; fjell og fjordar, himmelkvelv og stjerner, menneske og dyr, land og nasjonar – alt og alle lyttar etter Ordet; han som kom ”til sitt eige” for å nyskape det.