27
Jan
12

officium: 26. jan, den hl Eystein, erkebiskop av Nidaros (+1188), frå ‘Passio Olavi’ (matutin)

“Medan eg tala, vaks kreftene, og heilt uventa heldt eg ei lang preike, som vanleg…”

Førestellinga om at katolske preiker alltid skal vere korte og lette, er ein seig myte. Biskop Eystein syner seg her som ein verkeleg biskop, ein medlem i den eigentlege ordo prædicatorum, episkopatet. Ein biskop er – som etterfylgjar av apostlane  - nettopp ein predikant. Eystein var også ein sterk representant for den kyrkjelege fornyingsrørsla på 1100-talet og framover, Libertas Ecclesiæ, gregorianismen.  Den norske katolske kyrkja fekk ein høg profil i og med oppretting av erkesetet i Nidaros.

Episoden det her er vist til, er biskopens fall frå eit byggestilas på domkyrkja, sjølve Olsokdagen. På den heilage Olav konges forbøn blei han lekt frå skadene; fyrst så pass at han kunne kreke seg med i prosesjonen og messa og halde si preike, og så gradvis bli betre til han blei heilt frisk.

27
Jan
12

“Kva mennesket er, kva for adelskap som ligg i vår natur, kva kraft det levande menneske kan eige,har Paulus vist framfor alle”.

Sjeldan tenkjer vi over for ein enorm innverknad apostelen Paulus har hatt på verda og historia. Menneskeleg tala, var det han som gjorde at kyrkja ikkje forblei ei sekt innan jødedomen, slik ho fyrst blei oppfatta. Han opna, teologisk og apostolisk, opp døra til det universelle ved Jesu messianske gjerning og i kyrkja sin misjon.

Det universelle er ikkje berre eit abstrakt prinsipp, slik ein har prøvd å hevde det i moderniteten etter Opplysingstida. Det er ein røyndom fordi alt og alle er skapt av den éine Gud og fordi Kristus har gjenløyst og forbrødra heile menneskeætta og gjeve oss den universelle/katolske fellsesskapen som er kyrkja.

Paulus blei omvend på sin Damuskus-veg – han blei eit nytt menneske, fekk ei ny retning, eit nytt oppdrag. Forfylgjaren blei apostel. Men Gud brukte nettopp dei gåvene og den personlegdomen han hadde hatt som Saulus: Hans  iver, hans intellektuelle og kulturelle skulering  – som jødisk teolog, som romersk verdsborgar, som kjend med den antikke filosofien. Han kunne opptre i synagogen, i keisarlege fora og på Atens Areopagos. Herrens “Mr Crossover”!

Han var også mystikar. Han blei slått til jorda og blenda av han som er Ljos av Ljos og Gud av Gud, og reist opp til ei fullstendig overgjeving til han. Han døydde og stod opp, han blei eitt med Kristus, så han kunne seie; -Eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg; og: – For meg er livet Kristus, og døden ei vinning, og: -Eg er blitt alt for alle.

 

24
Jan
12

officium: frå “Innføring i gudslivet”, av den hl Frans av Sales, biskop av Geneve (+1622)

“Nei, Filothea, gudslivet øydelegg slett ikkje noko dersom det er ekte. Hindrar det nokon i deira rettmessige yrkesutøving, er det utan tvil uekte”.

Den heilage Frans av Sales førde ein utstrakt korrespondanse som  åndeleg rettleiar. 1600- talet kom med ei sterk oppvurdering av dei vanlege yrka og livsformene som fullverdige kristne livsformer – som i den protestantiske reformasjonen. Ein kunne realisere kallet til å bli helgen også utan å gå inn i klosterlivet.

Reformasjonen gjekk til det motsette ytterpunktet: Å avskaffe og ringeaktet klosterlivet. Det er eit like stort tap for kyrkja.

Livsformenen er mange. Kallet er det same.  Vi treng kvarandre.

23
Jan
12

officium: måndag, 3. vike i det allmenne året, frå Vatikan II -konsilet, dokumentet “Gaudium et spes” (Glede og von) (matutin)

“Slik Gud i gamal tid kom sitt folk i møte med ei kjærleikens truskapspakt, slik kjem Frelsaren åt menneska og Brudgomen åt kyrkja kristne ektefolk i møte gjennom ekteskap-sakramentet”.

Ekteskapet er ei truskapspakt, og dermed eit teikn på Guds truskap til kyrkja, ja, til alle,  når det blir feira og levd av døypte og truande menneske. Eit sakrament er nettopp eit verkekraftig teikn, eit symbol som gjev del i det det symboliserer. Eit Kristus-nærvere, ei Kristus-liv.

Kjærleik og truskap høyrer saman, fordi kjærleiken held ut alt, trur alt, vonar alt, toler alt (1 Kor 13). Til skilnad frå den egoistiske “kjærleiken” som alltid jagar vidare til noko nytt å forbruke, og bli lei av.

Verda i dag er full av symbol og teikn på dette. Konsum-”sakramenta” er mange. Men verda rundt oss lengtar samstundes etter å sjå eit anna teikn; truskapens mysterium, einskapens sakrament.

22
Jan
12

carpe diem: dominica, herrens dag.

Sundagssola skin øvst på tårnet i klosterkyrkja, midt i mot vindauget i cella mi. Sundag morgon, den beste tida i vika. Slik har det alltid vore for meg. Dagen då ‘menneskeverda’ må dra seg attende. Den heilage dagen set ei grense for krav og forventingar, for ‘problem’, ’tiltak’ og kloke trivialitetar, for inngrodd pessimisme og andpusten optimisme. Ingen kommitemøte eller brainstormar. Fred i dag.

Til overmål har himlen klårna etter snøfokk og lågt skydekke eit par dagar. Rein dag, med lett snø. Dei enorme, nakne asketrea i hagen står høgtidlege “på stedet hvil”, vaktar mi borg.

Laudes (morgonbøna) sundag morgon -litt seinare og litt vaknare enn på kvardagane – er fylt av glede, av overskot. Laudes, særleg sundag, er å sameine  seg med Guds skaparverk, å fornye venskapen med alt som er, å overvinne den djupe framandgjeringa som fylgjer den menneskelege eksistensen, både i høve til naturen og til det sosiale livet. Som eit laug i friskt vatn, som eit bad av ljos, når eg syng i korstolen, saman med brørne:

Lov Herren, alt hans verk… alle hans englar, sol og måne, regn og dogg, eld og varme, doggfall og snøstorm, netter og dagar, de kjelder, alle slags villdyr og bufe, alle menneskeborn, de Herrens prestar, de heilage og audmjuke av hjarta, Ananja, Asarja og Misael – lovsyng og opphøg han i æva!” (utdrag frå Dei tre mennenes song (Dan 3,57ff).

Eller: Hans herlegdom omspenner jord og himmel. Ny kraft og styrke gjev han sitt folk, til ære for alle hans vener, for Israel, det folket som står han nær”(Sal 149).

Ved trua er vi óg Guds Israel. Og får stå han nær.

Stille timar no. Ein klausur i tida. Snart er det høgmessa. Ekklesia, Guds forsamling, med Den oppstadne i sin midte. Omgjevne av jubel.

Åndeleg fattigdom – det er å vere utan sundag.

22
Jan
12

officium: laurdag, 2. vike i det allmenne året, frå “Mot vranglærarane” av den hl Ireneus av Lyon (matutin)

“Offer er altså ikkje i seg sjølve blitt avskaffa, offer fanst det den gongen, offer finst det no; Israel-folket bar fram offer, kyrkja likeeins”.

Ireneus siktar til evkaristien (nattverden, messa) -som på ein heilt sjølsagd måte blei kalla ‘offer’ frå tidleg kristen tid. Fordi ‘evkaristi’ nettopp er ei ‘takkseiing’, framboren til Gud, ei ‘velsigning’ av Gud, etter jødisk førebilete og terminologi. ‘Evkaristi’ var noko ein ‘gjorde’, ei liturgisk handling, samstundes som ein kalla sjølve nattverdgåvene, Kristi kropp og blod, for ‘evkaristi’. Brødet og vinen blir kalla evkaristi ” når Gud blir påkalla over det”, seier den hl Ireneus i den same teksten.

I messa både mottek og framber vi Kristus ; “vi ber fram for [Skaparen] det som er hans”, held Ireneus fram. Du tek imot når du takkar. Du blir velsigna av Gud når du velsignar Gud.

Mange kristne er blitt framande for den opphavlege kristne og kyrkjelege realismen i sakramenta og liturgien.  På tide å gjenoppdage det.

20
Jan
12

poetica: Vinter

VINTER

 

døyvd blå

er januardagen

når sola berre kviler

på kanten av horisontane

og smyg seg lågt

over åsane

 

nokon har rulla ut

ein kjøleg duk

over alle flater

 

gråe og gotiske

står alleane

og let prosesjonar

av ‘ homo sapiens’

skride til sine

kalde messer

 

nakne er vi

i denne lange timen

mellom død og liv

 

bøye seg under frosthanda

halde ut

    (Oslo, i dag)
19
Jan
12

officium: torsdag, 2. vike i det allmenne året, frå Brevet til diakonen Ferrandus fr den hl Fulgentius, biskop av Ruspe (matutin)

“Når vi gjev uttrykk for at vi ofrar våre bøner gjennom den evige presten, vår Herre, sannar vi at han verkeleg har vår menneskenatur i seg” [Hebr 9, 5,1].

Ein prest blei i Israel alltid teken av folket. Så òg med Kristus. For å vere vår prest og mellommann mellom Gud og oss, måtte han vere éin av oss. Han stig fram for Faderen i vår stad; han eitt med oss, vi eitt med han. Difor avsluttar kyrkja alltid sine bøner: “Ved Kristus, vår Herre..”, eller: “I Jesu namn”.

Vår forbedar er ikkje berre ein passiv “funksjonær”, men ein som kjenner på kropp og sjel alt det menneske har trong for å legge fram for Gud. Han går aktivt i bresjen for oss. Våre bøner når Faderen med full styrke. Og trengjer inn i hans hjarte.

Heilt inn.

18
Jan
12

officium: onsdag, 2, vike i det allmenne året, frå Det 2. Vatikan-konsil; “Lumen Gentium” (Ljoset for folkeslaga)-dokumenetet om kyrkja (matutin)

“Guds frelseplan omfattar også dei som erkjenner Skaparen, fyrst og fremst muslimane som vedkjenner Abrahams tru, og som saman med oss tilbed den eine, miskunnsame Gud, han som på den yttarste dagen skal døme alle menneske”.

Konsilet omtalar Islam etter å ha omtala den gamle pakts gudsfolk, Israel, som  står kyrkja aller nærast. Her ser vi klårt at det dreiar seg om tru på den éine og same Gud – som skapar og som domar. Kyrkja ynskjer å gjere klårt at einkvar oppriktig og alvorleg søken etter Gud skal møtast med respekt og kan vere ein etappe på vegen til frelse.

I dagens samfunnsklima er det grunn til å minne om dette.

18
Jan
12

officium: tysdag, 2. vike i det allmenne året, frå “Antonius’ liv” av den hl Athanasios

“Sambygdingane hans og dei lærde mennene i hans omgangskrins, så korleis han levde og kalla han ‘Guds ven’. Dei fyrste helsa han som “son”, dei andre som “bror”.

Den hl Antonius einebuar, alle munkars far, selde den 800 mål store jordeigedomen han ervde frå foreldra samt ting og tang elles, og gav pengane til dei fattige. I kyrkja, dit han gjekk ofte, hadde han ein dag høyrt lesinga i liturgien frå evangeliet: “Vil du  vera  fullkomen, så gå og  sel det du eig og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg!” (Matt 19,21) .

Han levde fyrst som eremitt ikkje langt frå huset til foreldra, så landsbyfolket og grannane visste om han og møtte han. Legg merke til at hans livsform vekte respekt og forståing. Han levde i ein kultur som verdsette det asketiske livet. Den radikale, evangeliske livsforma, særleg det eigedomslause og sølibatære einebuarlivet, hadde sin plass i heilskapen. Munken blei ikkje sett som ein livsfjern raring og samfunnsfiende. Slik det ofte har vore i vår kultur etter Reformasjonen og Opplysingstida med si vekt på det borgarlege livet og den materielle samfunnsnytten.

Til stort tap nettopp for samfunnet.

16
Jan
12

nota bene: ultralyd

For tida pågår det debatt om offentlig tilbod om ultralyd for alle gravide. Det er tankevekkjande og skræmande. Eg blei glad over å sjå at “Klassekampen” på leiarplass i dag avviser framlegget, nettopp fordi det fører oss endå lenger ut i sorteringssamfunnet. Dette er nye og viktige tonar på venstresida, og kanskje eit varsel om at politikken med uavgrensa fridom for det sjølrealiserande individet ikkje lenger er så sjølsagd “progressiv”, men heller ei ekstremform av politisk og etisk liberalisme.

Leiaren av den etiske nemda i Legeforeninga, Trond Markestad, er ute med eit innlegg i Vårt Land der han, modig nok, seier at heile ultralydgreia har med påvising av Downs syndrom å gjere. – Og sjølsagt då med sjansen til å fjerne fosteret. Men det vågar han ikkje å setje ord på. Han skisserer berre dei vala samfunnet må ta, med tanke på å avvege mellom individuell sjølråderett og samfunnets ynskje om moralsk standard og rettferdig fordeling av “helsegoder”. Sjøl tek han ikkje stilling. Noko som dessverre er altfor typisk for legestanden; dei ser seg primært som samfunnets lojale funksjonærar og toar sine hender.

Hos Markestad kan det sjå ut som om samfunnet står for etikken mot den individuelle valfridomen. Men: Samfunnet opptrer i desse sakene ikkje som ei konservativ, etisk bremse mot radikal individualisme.  Samfunnet sjøl fremjar aktivt den etiske liberalismen og dispenserer både seg sjøl og dei individuelle borgarane for etiske forpliktingar i høve til det menneskelege embryon (fosteret).  Markestad set rett nok ord på eit smerteleg faktum som det nesten ikkje har vore lov å snakke om: “I dag har fosteret ingen rettigheter bortsett fra at svangerskapsavbrudd etter 12. svangerskapsuke må godkjennes av en abortnemnd.” Konstaterer Legeforeninga.

Eit nytt  menneskesyn gjer seg gjeldande med stadig større kraft i samfunnet vårt, som ei fylgje av logikken i abortlova.  Legeforeninga registrerer dette. Men kva meiner ho eigentleg om det?  Den kyniske nøytraliteten ser ut til å vere leiestjerna der.

Ultrataust.

16
Jan
12

officium: måndag, 2. vike i det allmenne året, frå”Brevet til efesarane” frå den hl Ignatius, biskop av Antiokia (matutin)

“Legg vinn på å koma ofte saman for å feira Guds evkaristi og lovprisa han”.

Ignatius er ein av dei apostoliske fedrene, altså frå den fyrste tida etter apostlane. Hans skriv sine brev undervegs til Roma, der martyriet ventar.

Ignatius-breva syner med stor klåreik kor tidleg kyrkja var ordna med biskopar, diakonar og presbyterar/prestar, kor tydeleg den sakramentale realismen var, kor viktig den liturgiske feiringa var. Den lokale kyrkja ( i Antiokia, i Efesus, i Korint, i Roma osv..) er forsamlinga rundt biskopen, med diakonatet og presbytarkollegiet. Samla og manifestert framfor alt i den evkaristiske feiringa, feiringa av messa, av Ordet og Nattverden, særleg på Herrens dag (sundag), men også elles.

Oldkyrkja kan ikkje forståast utan at vi skjønar kor sentralt dette var i kyrkja og den einskilde sitt liv.

Aksen som alt dreiar seg rundt. Også i dag.

15
Jan
12

homiletica: 2. sundag i de allmenne året, st dominikus krk, joh 1,35-42

Kjære kristne!

Den fyrste tida i det allmenne liturgiske året som vi no har byrja, mediterer kyrkja på Jesu persons mysterium: Kven er han som vart fødd julenatt? Han som vismennene tilbad? Han som seinare blei døypt i Jordan? Han som gjorde vatn til vin i Kana i Galilea?

Det får vi, slik som hans fyrste vener, vite ved å bli hans disiplar, hans elevar, hans læresveinar. Johannes døypar opnar døra inn i dette store rommet når han seier: - Se, der er Guds lam! Det var ein messiastittel – og ein jøde visste at det stod om Messias i Jesaja-boka:

-Han let ikkje opp sin munn, som lammet dei fører bort til slakting og sauen som teier når han vert klypt, han lèt ikkje opp sin munn  (Jes 53,7).

Når Johannes sa: -Se der, Guds Lam, då visste dei at her er kanskje Herrens lidande tenar, Herrens lidande messias, han som skal gje sitt liv til løyspenge, til sonoffer for folket og for verda.  Nettopp det same skriftordet var det den etiopiske hoffmannen sat i vogna si og grunna på, like etter den fyrste pinsedagen i Jerusalem. Diakonen Filip steig opp i vogna til han, og utfrå dette skriftordet forkynte han evangeliet om Jesus for han (Acta 8,27ff). Brør og systre; vi ser korleis bodskapen om Jesus, om messias,  som Frelsaren, står ved inngangen til trua, ved inngangen til disippelskapen; vi ser kor viktig dette var for kyrkja heilt frå starten. Han er Lammet, han er Forløysaren. ”Han er Frelser min”, syng vi i julesongen.

Ved at denne bodskapen slår inn i Johannes-disiplane, dei to brørne, Simon og Andreas, startar deira disippelvandring med Jesus. Dei går frå ’forløparen’ til messias sjølv, frå ’brudgommens ven’ til brudgommen, frå ’røysta’ til Ordet. Dei blir Jesu disiplar, Jesu læresveinar. Dei blir ikkje ståande å gruble, å lure; ’kanskje vi skal vente til neste anledning?’  Nei, dei fylgde etter han med éin gong. Så skjer det fyrste møtet: Han snur seg, ser dei, og spør: -Hva søker dere?

Det er faktisk akkurat det spørsmålet kyrkja stiller til katekumenane, ja , også til foreldra som kjem med borna til dåp; likeeins til alle som skal gå inn i klosterlivet: -Hva søker dere? Det viser oss at å gå inn i kyrkja, handlar om disippelskap, om ettterfygjing. Å vere kristen, er å vere ein disippel, ein lærling. Det er å søkje Kristus, Messias! Å lære han å kjenne, skjer ikkje gjennom teori, forelesingar og bøker fyrst og fremst,  men gjennom handling, liv og fellesskap. Ein jødisk disippel levde saman med sin rabbi, sin lærar. Difor spør dei: -Rabbi, hvor bor du? For dei skal bu saman med han, leve med han, dele måltid med han, vere under same tak, lytte til hans ord, etterligne hans praksis, gjere som han. Difor seier han: -Kom og se. Og så står det: De kom da med og så hvor han bodde, og ble hos ham den dagen…

Kjære vener! Vegen til trua går ikkje berer gjennom tanken, men gjennom praksis og handling, gjennom kroppen, gjennom blikket, gjennom fellesskapen, gjennom oppbrotet, gjennom ”beredvilligheten”, gjennom det å halde seg klar og parat når Messias kjem gående forbi, som det stod. Vegen til trua går gjennom å lytte og lære. Ikkje lytte slik ein lyttar til ord som berre passerer sinnet, som surrar rundt oss. Nei, å høyre/å lytte i Bibelen, er å skjerpe seg, å fokusere, å innstille heile sitt liv på å motta bodskapen. Det er også grunnen til at katekumenane i oldkyrkja blei kalla ”høyrarar”. Dei som høyrer. Det er også djupt bibelske at det å lytte og det lyde er same ordet.

Det er nettopp det vi høyrde også i forteljinga om Samuel. Straks han høyrde orda: -Samuel, Samuel!, spratt han opp frå søvnen og svara: -Tal, Herre, din tjener hører! Denne grunnleggjande innstillinga, å vere open, parat og lyttande, var med han heile livet og gjorde han til profet, gav orda hans innhald; Herren var med han og lot ikke noen av hans ord falle maktesløse til jorden, høyrde vi.

Brør og systre!

Å finne trua, å bevare trua, å vekse i trua – det kan vi berre ved å bli og forbli disiplar. Ved at vi ikkje har tyngre bagasje i livet enn at vi er klare til rask omsnuing når Herren går forbi, at vi er klare når det lyder: Go gate! Boarding pågår! Ved at vi går dit der Kristus bur, der han dveler: I kyrkja; med messa, med tabernaklet.  Ved at vi lever i den kyrkjelege felleskapen, i Guds folk og familie. Ved at vi – i alt dette – er lydhøyre, lyttar til Ordet, i skriftlesing, undervising, studium og meditasjon; lyttar med heile oss. Slik at det formar vårt liv.  Denne konsentrasjonen på Gud – berre ved å ha den, vil menneske kunne bli Kristus-truande og kunne vedvare å vere det i dag. Jesu spørsmål utfordrar oss heile tida: -Hva søker dere? Kva vil du, eigentleg? Det krev den forfriskande og fornyande askesen som er ei forutsetning for kontemplasjonen, for den betraktande merksemda på Gud.

Slik Jesus sa til ein annan av sine disiplar, til Maria i Betania, der ho sat lyttande ved hans føter:

Eitt er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne! (Luk 10,42)

Alt anna kan du misse.

14
Jan
12

officium: fredag, 1. vike i det allmenne året, same skrift (matutin)

“I venleik og samklang skaper Visdomen éi verd og éin verdsorden”.

Den bibelske Visdomen og det greske Logos, Ordet, verdsfornufta, er eitt og det same for kyrkjefedrene. Guds nærvere i skaparverket, hans immanens. Så gløymt av oss som av Opplysingstida har blitt pressa inn i deismens bleike sfærer, og derfrå ofte inn i ateismen. Gud blir “Gud”, eit ord.

Men han er meininga, harmonien, heilskapen, kosmos, i alt som er. Når vi fornektar og bryt ned dette, kan ingen hindre at verda og verdsordenen fell frå kvarandre i medvitet vårt. Ateismen er eit terroråtak på verdsbygninga.

14
Jan
12

torsdag: torsdag, 1 . vike i det allmenne året, frå den hl Athanasios’ bok “Mot heidningane” (matutin)

“Han, Faderens allmektige og fullkome  helilage Ord, han som stig ned til alle og overalt utfaldar si makt og opplyser alt, både det synlege og det usynlege, innesluttar alt i seg sjølv og held alt fast”.

Skaparen, som også heidningane anar og påkallar, er nettopp Ordet, Ordet som blir menneske, Jesus frå Nasaret. Guds forsyn, majestet  og allmakt er ikkje berre noko opphøgd og fjernt. Den skapande og oppretthaldande Gud er nær i alt det han har skapt. Han styrer det frå innsida, så å seie. Fordi han er Ordet som alt er skapt ved, og fordi han har teke skaparverket på seg i inkarnasjonen.

Gud er djupt identifesert med sine skapningar.

14
Jan
12

onsdag: 1. vike i det allmenne året, frå “Mot vranlærarane”, av den hl Ireneus av Lyon (matutin)

“Det som er usynleg av Sonen, er Faderen, og det som  er synleg av Faderen, er Sonen”.

Faderen og Sonen er eitt. Sonen, inkarnert i Jesus Kristus, gjer Gud synleg i verda. I Jesus frå Nasaret ser vi Den usynlege. Den hl Thomas apostel la fingrane i Kristi side og kjende på hans sår. Guds side. Guds sår. Difor braut han ut: “Min Herre og min Gud!”.

Å vere kristen, er å tru dette. Grensa går her.

 

10
Jan
12

officium: tysdag, 1. vike i det allmenne året, frå den hl basilios’ “Utførlege reglar for klosterlivet’ (matutin)

Den hl Basilios (den store, 330-279), ein av dei tre kappadokiarane (den hl Gregor av Nyzza, den hl Gregor av Nazians), biskop av Cæsarea, men også munk. Klosterlivet i austkyrkja fylgjer hans regel…

“Kjærleiken til Gud let seg ikkje læra… Han let seg ikkje læra utanfrå, for samstundes med at det levande vesenet blir danna – mennesket, meiner eg – blir det lagt ned i oss ein kime som gjer at evna til å elska kjem frå oss sjølve”.

Når Basilios seier at kjærleiksevna kjem frå oss sjølve, tenkjer han ikkje at ho ikkje kjem frå Gud. Det er vi som har vent oss til å skilje mennesket og Gud frå kvarandre. Alt godt som er i mennesket, ja, alt godt i det heile, kjem frå Gud, Skaparen. Mennesket er eit elskande vesen, pr definisjon. Dette forblir, trass synda og fallet; dei opphever ikkje menneskets vesen, sjølv om  det blir korrumpert og skada.

Kjærleiken til Gud – og menneske – er ikkje noko framandt. Han er det djupaste i oss.

09
Jan
12

officium: måndag, 1. vike i det allmenne året, frå pave Klemens 1s “Brev til Korintarane” (matutin)

Frå i dag tek vi til den “grøne” tida i kyrkjeåret, vi tek til det allmenne året – som held fram til fastetida og tek til att etter pinse. Klemensbrevet høyrer med i “Dei apostoliske fedrene”, altså tekster frå den aller fyrste tida etter apostlane. Vi merkjer oss at Klemens, biskop i Roma, skriv eit hyrdebrev til kyrkja i Korint, den same kyrkja som apostelen Paulus skreiv sine “korintarbrev” til ikkje så lenge før. Les vi heile brevet, vil vi sjå at det gjeld dei same problema: mangel på audmjukskap og manglande vilje til lydnad og einskap, i den orden for kyrkja som er sett av Gud. Den korintiske sjølvhevdinga og åndelege “oppblåsinga” har tydelegvis ikkje vore lett å endre. Ein del av brevet er ei stor bøn…

“Du er den einaste velgjerar for åndene og Gud for alt kjøt, du skodar ned i djupet og overvaker det verk mennesket gjer. Du er ein hjelpar for dei som er i fåre, du er ein frelsar for dei som fortviler, du er alle ånders skapar og tilsynsmann”.

Det stor trusperspektivet kvelvar seg over pave Klemens’ bøn og undervising. Den éine Gud som  held verda i si hand, både den usynlege og den synlege, både englane og oss. Han er nær alle menneske og mennesket kallar på han i indre og ytre naud og fåre.  Her er det ikkje ein lokal stammegud vi møter, men Allherskaren, Panto-krator. Klemens er biskop i Roma, og altså pave; kyrkja er ennå ein minoritet i verda. Og likevel kjenner vi det universelle medvitet, den store høgtida i teksten. Her er det ikkje ein sekt-leiar som uttrykkjer seg, men ein hyrding med omsorg for heilskapen.

Gud  har med alle å gjere – og alle med han.

08
Jan
12

homiletica: Festen for Herrens dåp, St Dominikus krk, Mark 1, 7-11

Kjære kristne!

Vi feirar i dag ein lekk av det som var den opphavlege feiringa av inkarnasjonen, av at Gud blei menneske. Denne sundagen er ein del av Epifania-festen openberringa, tilsynekomsten, manifesteringa av Gud i Kristus. Her ligg ikkje vekta på idyllen i stallen, men på sjølve det teologiske innhaldet i jula: At barnet i krubba er Gud sjølv! Jul er epifani, jul er openberring, jul er forkynning og feiring av at Jesus er HERRE – slik det lyder i den fyrste kristne trusvedkjenninga; heile Credo i fortetta form.

Epifani – det er som eit flomlys over Jesu person, eit ljos som viser oss kven han er. Difor syng kyrkja i ei av sine tidebøner nettopp ved epifania:

-Idag er Brudgommen forenet med Kirken, for i Jordan har Kristus renset den for synd. Vismennene bringer med seg gaver til det kongelige bryllup. Av vann skapes vin til glede for gjestene. Alleluja. (antifon til Sakarjas lovsong)

Og i dag, altså, spesielt ei feiring av Jesu dåp. For det var nettopp ein ’epifani’, ei openberring, av kven Jesus er. Denne mannen frå Nasaret som hadde levd tretti år som ukjend snikkar i heimbyen, men som no kom til Judea og ned til Jordan der Johannes forkynte omvending for folket og døypte menneske som eit teikn på bot. Der Jesus ein dag også gjekk forbi saman med sine fyrste disiplar, og Johannes peika på han og sa: -Sjå, der Guds lam som ber verdsens synd! (Joh 1,29). Det kunne Johannes seie fordi han hadde sett og høyrt det vi feirar i dag:

-I det samme [Jesus] stod opp av vannet, så han himlene åpne seg og Ånden senke seg ned over ham som en due, mens det lød en røst fra himmelen: -Du er min Sønn, som jeg har kjær, du har all min yndest!

Og straks etter, står det, dreiv Anden han ut i ørkenen  og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. han heldt til mellom dei ville dyra; englane tente han.

Brør og systre; det er nettopp dette forteljinga om Jesu dåp viser oss: At Jesus er Guds Son, Faderens yndling, dvs eitt med Faderen, ”av same vesen som Faderen”, som det heiter i Credo. Og at han er vår, ja, verda sin Frelsar. Han skulle ikkje berre konfronterast med dei ville dyra, men med sjølve fordervsmaktene: Synda, døden og djevelen. Han overvann dei, så han kunne seie: -Vik frå meg, Satan! For det står skrive: ’Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena’ (Matt 5,10).

Jesus let seg døype som ein syndar, som ein som trong omvending og bot. Ikkje rart at Johannes sa: -Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg? (Matt 3,14). Og Jesus svara: -Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd (v 15).

Med andre ord: Jesus tok på seg våre synder; han gorde til sitt det som ikkje var hans. Ja, apostelen seier, radikalt og nesten rått: -Han som ikkje visste av synd, har [Gud] gjort til synd for oss, så vi skulle verta rettferdige for Gud i han (2 Kor 5,21).

Det som skjedde då Jesus blei døypt, blei fullbyrda og fullført i hans pasjon, i Getsemane, på Golgata. Ja, alt ved  dåpen begynte hans lidingsveg, hans Via Dolorosa.. Jesu dåp – det er hans inniviing, hans ordinasjon, som prest, konge og profet. For oss. Han blei døypt til oss; vi blir døypte til han.

Kjære vener! Alt dette opnar seg for oss berre dersom ”himlane opnar seg” over oss og over livet vårt, slik dei opna seg over Jesus. Slik at vi ser livet vårt, ja, heile verda, i ljos av den usynlege verda, i  ljos av nåden. Er det ikkje det største bedraget av alle at nådens ljos er blitt avskjerma frå menneskelivet i dag? At himlen er blitt stengd over livet vårt? At det evige perspektivet er blitt borte? Då blir livet berre ein serie hendingar frå vogge til grav. Men menneskelivet har større dimensjonar enn som så. Det er eit drama av evig karakter. Det kan berre forståast som eit samspel med Guds nåde.

Difor feirar vi i dag ikkje berre Jesus, men mennesket. Ikkje berre Jesu epifani, men vår eigen. Ikkje berre Jesu dåp, men vår eigen. Å, måtte mennesket igjen kome til syne i sitt fulle alvor, i alle sine dimesjonar! Det kan vere mange grunnar til å fortvile over mennesket og over den menneskelege verda. Men Gud har teke alt på seg! Og det er det vi feirar i dag:

Han tar alt mitt – eg får alt hans. Slik at eg kan høyre Guds røyst, også til meg, om meg: -Du har all min yndest!

Brør og systre; er det noko menneske lengtar etter å høyre no, er det nettopp det!

08
Jan
12

nota bene: Krisa i krisene

Fyrst publisert i Signert, Klassekampen, laurdag 7/1-12…

Nyttårstid er krisetid, fordi ’krise’ tyder dom, og ved årsskiftet går vi gjerne i rette med oss sjølve, både personleg og samfunnsmessig.  Det er god grunn til særleg å merkje seg dei krisene vi ikkje minst må takle i året og tida som ventar; den finansielle krisa, økokrisa og den skeive fordelinga av godar og resursar i verda. Alt ihop slikt som også heng saman med  dei politiske krisene og omveltingane, som i Midtausten og den arabiske verda. Nært knytt til dette er også utfordringane med innvandring, med kulturelle motsetningar og spenningar.

Det er lett å misse motet når vi ser ein slik bratt vegg reise seg framfor oss.  Eg trur dette fører til eit indre samanbrot i sjølve trua på politisk arbeid og politiske løysingar. Dette er ein fåre det er lett å fortrengje med dess meir snakk og politisk retorikk.  Enn så lenge kan alt sigle  vidare som før i eit land som Noreg, fordi vi er ovanpå økonomisk og kan kjøpe oss frå problema, med stor  offentleg sektor og høgt privat forbruk. Men vi veit at det rumlar i undergrunnen og at heller ikkje Noreg kan forbli ei priviligert paradisøy for alltid. Verda vil innhente oss.

Den politiske impotensen kjem ikkje minst av at sambandet mellom  personleg og politisk praksis  er blitt svekka. Noko som er særleg lagnadsvangert for venstresida. Her har den samfunnsmessige idealismen stått sterkt,  og det er den som no er i krise. Når alt kjem til alt, er det ikkje sosialisme, enn seie kommunisme, som har sigra, men kapitalisme og liberalisme.   Dei politiske aktivistane og den intellektuelle baktroppen er alle bakte inn i den store norske pizzaen, med høge inntekter og stort forbruk. I den kapitalistiske leiken må alle henge med.

Her har venstresida blitt bytte for eige grep, fordi ein så lenge har insistert på at det er den politiske og ikkje den individuelle etikken som tel. Ein har gløymt at innsatsen for samfunnsmessig rettferd tidlegare har hatt ein basis i den daglege praksisen. Å kjempe for rettferd, forpliktar. Når avstanden mellom politiske idear og eigen livsførsel blir for stor, tærer det fyrst på sjøltillten og så på den generelle politiske tilliten. Utan denne tilliten blir politikken nettopp redusert til impotent prat.

I den grad venstresida har ein visjon for personleg praksis og livsstil i dag, er det dessverre langt på veg den motsette av det som trengs. Visjonen er einsidig informert av nedslitt kultradikalisme. Individuell frigjering og livsnyting står i fokus, med polemikk mot alt som smakar av forsaking og askese.  I ein samfunns- og kultursituasjon der dei fleste tabu er brotne, verkar det meir som stagnasjon enn som provokasjon.  Det artar seg mest som eit langdrygt ekko av Opplysingstida sin arrogante religionskritikk og freistnad på å fordrive eit kristent og religiøst etos med den heidenske antikkens hedonisme og libertinisme.

I ein kultur som vår er det difor nesten umogeleg å formulere eit positivt fattigdomsideal. Norsk protestantisk puritanisme kan gjere nytten eit stykke på veg, men når det kjem til stykket, er det rikdomsidealet som ligg under, der også.  Du skal vere nøysam – for å bli rik, for å lukkast.  Idealet om det enkle livet kan sjølsagt missbrukast som eit middel for å halde folk nede i uverdige livstilhøve

Den evangeliske fattigdomen, slik du finn han i Jesu Bergpreike,  er annleis. Han handlar om indre frigjering og om ikkje å sluke resursar som tilkjem andre, anten det gjeld menneske eller naturen og livet som omgjev oss.  Det er ikkje Kalvins, men Frans av Assisis veg, kunne vi seie.  Det gjeld å ikkje oppta større plass i verda enn du treng, å ha plass for andre. Du må lære deg den livsforenklinga som må til for å kunne utvikle større solidartitet og eit samfunn som har andre målestavar enn konstant økonomisk vekst og materielt forbruk.

Utan indre forankring og forpliktande  praksis, vil den politiske dynamikken døy ut.  På høgresida må ein ta den same utfordringa: Å bryte mammons makt. Ein fornyar ikkje poltikken med uhemma økonomisk liberalisme, berre kompensert med meir ”lov og orden”-regime når det røyner på.

Det grenselause mennesket. Det er krisa i krisene.




kategoriar


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.

Join 130 other followers